Berg og bægjegrindar

Folk som misser interessa for ei tekst når dei støyter på ord dei ikkje skjønar, gjer lurt i å styra unna Olav Nygard. Han utvida ordtilfanget sitt jamt, fyrst og fremst gjennom å lesa og granska ordbøker. Ei av hovudkjeldene hans var Norsk Ordbok (1914) av Steinar Schjøtt. Når han fann eit ord som hadde nett den tydinga eller klangen han var ute etter, nytta han det, jamvel om ordet var lite kjent elles.

You May Also Like

More From Author