Byrjinga av februar. Snøen ligg djup mange stader i Søraust-Noreg, og temperaturen er igjen nede i tosifra kuldegradar. Ein kveld får eg ei melding, ein einsleg lydsnutt på tolv sekundar. Han byrjar med ei fresing, høyrest ut som rennande vatn, men det er så kaldt − det er mest sannsynleg suset frå ein motorveg. Og plutseleg eit «hu-ho», og nokre sekundar seinare igjen «hu-ho». Uglerop, ytra og tatt opp ein dryg time etter solnedgang.