Kaninholheismuzak

Sørkoreanske Yetsuby er kjend frå duoen Salamanda. På b_b går ho solo, og «Who Swallowed The Chimes At The Random Place» er første spor. Det seier pling og plong lik ein mystifistisk heis, eit vanvitig lydapparat set gradvis plutseleg i sving, og så ber det strake vegen ned i kaninheissjaktholet. Spretten og lett perkusjon og tungeklikk av ukjende slag knitrar om kapp med fragmenterte virtuelle vokalistar og syntetisk korsong, og kva for fuglar som kvitrar, må fuglane vite, men fredfulle fløyter, silkemjuk synthesizerstøy, bablande kvalar og boblande bakgrunnslydar, søt uroklang og delfinane som plaskar lukksalig kringom på alle – med fleire – kantar på ein spretten base av hypnotiserande analogsynt-arpeggiato, kiler iherdig i veg på sentralnervesystemet og gir ikkje høve til å tenkje over at her går det unna, du gitt.

You May Also Like

More From Author

+ There are no comments

Add yours